Tysk III som nettfag er eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen.
Tidspunkt for nettundervisning
Fellesundervisning: Tysdag kl. 13:30-15:00 (skuleåret 2024 - 25)
Gruppeundervisning: Torsdag kl. 14:00 -17:00
Undervisninga er obligatorisk for alle elevar.
Gruppeundervisninga varer i ein time. Dvs. du deltar torsdag enten kl. 14-15, kl. 15-16 eller kl. 16-17. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtaler eleven med lærar ved oppstart.
Undervisning og gjennomføring av prøvar
Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av It’s Learning, Zoom (Virtuelt klasserom) og generelle skrive- og samarbeidsverktøy i Office 365 og Google (G Suite for Education).
Du får opplæring i bruk av digitale verktøy, må være aktive i timane og samarbeide med andre elevar. Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken. Det vil bli nokre faglege og sosiale samlingar i tillegg til undervisning på nett.
Kven kan søke?
- Elevar ved skular i Vestland fylkeskommune på studieførebuande utdanningsprogram
- Elevar på skular som ikkje tilbyr programfaget
- Tilbodet er ikkje ope for privatistar.
Viktig!
- Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats
- Det er oppmøteplikt i faget
- Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett
Læreplan og faginformasjon:
Læreplan i fremmedspråk programfag (PSP01‑03)
Tysk nivå III (PSP5842)