Psykologi 2
Psykologi 2 som nettfag er eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen.
Tidspunkt for nettundervisning
Fellesundervisning: Tysdag kl. 12:00-13:30 (skuleåret 2024 - 25)
Gruppeundervisning: Torsdag kl. 14-17
Undervisninga er obligatorisk for alle elevar.
Gruppeundervisninga varer i ein time. Dvs. du deltar torsdag enten kl. 14-15, kl. 15-16 eller kl. 16-17. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtaler eleven med lærar ved oppstart.
Undervisning og gjennomføring av prøvar
Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av Zoom (Virtuelt klasserom), ulike verktøy i til dømes It`s learning, Teams Microsoft 365 eller Google Workspace (G Suite for Education), og ved hjelp av digitale læringsressursar.
Du får opplæring i bruk av digitale verktøy, må vere aktive i timane og samarbeide med andre elevar. Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken.
Kven kan søke?
- Elevar ved fylkeskommunale vidaregåande skular i Vestland
- Vg1-elevar skuleåret 2022-23 ved skular i Vestland fylkeskommune. Elevar ved vg2-yrkesfag som skal gå påbygg skuleåret 2023-24.
- Tilbodet er ikkje ope for privatistar.
Viktig!
- Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats.
- Det er oppmøteplikt i faget.
- Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett.
Læreplan og faginformasjon:
Psykologi 2 (SAM3073)