Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Elev i vgs
Ønskjer du fag som skulen din ikkje har? Her finn du oversikt over programfag du kan ta som nettundervisning.
På desse måtane kan du få generell studiekompetanse:
- Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram + Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse
- Vg1, Vg2 og Vg3 på Naturbruk (studieførebuande)
- Dersom du ønskjer yrkeskompetanse, til dømes eit fagbrev, bør du gjere det først. Dei som gjer det får rett til å ta påbygging til studiekompetanse i tillegg etterpå.
- Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram + lærling i bedrift (eller vg3 i skule) + Vg4 påbygging til generell studiekompetanse.
Enkelte studier krev spesiell studiekompetanse. Det vil seie at det er nokre krav i tillegg til generell studiekompetanse.
Krava kan vere ekstra fag, eller eit karakterkrav i eit gitt fag. På samordnaopptak.no er det gitt ein kravkode for kvart enkelt studie. Er koden GENS, er det ingen spesifikke fagkrav. Står det noko anna enn GENS, bør du klikke på koden og lese om tilleggskravet til studiet. Det er dette tilleggskravet som blir kalla spesiell studiekompetanse.
Fagkravet kan enten vere ein del av vitnemålet ditt, eller det kan vere fag du har tatt før.
Fag for studieførebuande programområde
Når det gjeld nettbasert opplæring i språk- og programfag har vi fleire fag: