I nettskulen har vi høgt kvalifiserte lærarar som heile tida jobbar mot det målet å legge til rette for læring og kompetanseheving.
Catalina Jimenez er ein lærarne i nettskulen, ho seier:
"-Som lærer på Nettskulen i Vestland har eg stort fokus på å bli kjent med elevane slik at eg kan hjelpe dei å gjennomføra faga så godt så mogleg. Det er viktig for meg at elevane føler at eg er lett å ta kontakt med uansett kva det skulle gjelde. Undervegs lar eg elevane bidra i eigen læring ved å høyra med dei kva dei syns er kjekt og kva vi kan gjere mindre av. Eg meiner dette kan bidra til å halde motivasjonen på topp heile vegen. Læringsmiljøet i det digitale klasserommet er like viktig som i det fysiske klasserommet, så eg prøver variere undervisninga sjølv om alt går føre seg gjennom skjermen."