Er du over 24 år …
- Manglar du formell kompetanse og har eit ønskje om å få det?
- Er du motivert for nye utfordringar og har eit ønskje om ny fagutdanning?
Skuleåret 2024/25 har Nettskulen Vestland opplæringstilbod for vaksne innan utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag i desse faga:
- Helsearbeidarfag. Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne, MFY
- Vg2 Helsearbeidarfag
- Vg2 Helseservicefag
- Vg3 Apotekteknikk
Opplæringa vert levert av Firda vidaregåande skule.
Undervisninga vil hovudsakleg vere nettbasert. Ein må også rekne med nokon fysiske samlingar i løpet av skuleåret. I tillegg vil ein del av opplæringa foregå i bedrift.
Viktigaste av alt: opplæringa skal bygge på den kompetansen du allereie har (formell og uformell kompetanse). Du kan be om ei realkompetansevurdering når du søkjer om plass. Ei realkompetansevurdering kan vere med å tilpasse og avkorte opplæringstilbodet.
Vil du vite meir om tilboda? Ta konktakt med Anette Aske Sollid, tlf. 415 30 633
Treng du hjelp til å søkje? Kontakt Vestland fylkeskommune, Rettleiingstenesta for ditt område, eller søk på https://www.vigo.no/nyvigo/vigo/adult
Søknadsfrist: 1.mars. For ytterlegare informasjon https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/slik-soker-du/