Hopp til hovedinnhold

IKT

IKT-Tjenester

Skulen sin IKT-konsulent kan hjelpe dersom du har problem med internett eller programvare som skulen tilbyr. IKT-konsulent på skulen din er ansvarleg for den vanlege IKT-drifta på skulen. Dette omfattar nettverk, AV-utstyr, smartmobilar, nettbrett, printarar, servarar og PC-utstyr.

Har du problem med ein privatkjøpt PC, må ta kontakt med leverandøren du kjøpte maskina av. 

Hjelp til reinstallering/reparering o.l av PC/Mac

Reinstallering av Windows/OSX og reparasjon av utstyr kan ikke IKT-konsulenten hjelpe deg med.

Elevar kan få utskrift av brukarrettleiing eller rettleiing frå IKT-konsulent.

Nyttige lenker

 

Datamaskin

Du treng ein normalt kraftig datamaskin, berbar eller stasjonær, som oppfyller disse krava:

  • Maskinen bør ikkje vere eldre enn 2 år
  • Skjermen bør være minst 13 tommar. Har du nedsett syn, bør skjermen være større.

Nettbrett (Ipad eller tilsvarande), har som regel små skjermar, og blir ikkje anbefalt å bruke som hovedmaskin. 

Netbooks som Acer Aspire One, Asus One, Asus Eee og tilsvarande, kan også være for små til å følge nettundervisning på.

Chromebook blir heller ikkje anbefalt å bruke som hovedmaskin. Med Chromebook kan du oppleve bygrensa funksjonalitet i Microsoft Teams. Du kan også oppleve dårlegare lyd- og bildekvalitet under nettundervisningen.

 

Webkamera

Du må ha et webkamera. Berbare datamaskiner har ofte innebygd kamera. Dersom du har stasjonær maskin, eller din berbare maskin ikkje har innebygd kamera, må du kjøpe et eksternt kamera med USB-kopling. Om du går på skole, anbefaler vi deg å ta kontakt med din nærmaste IT-avdeling for å sjekke moglegheitene for å låne et kamera.

Hodetelefon og mikrofon

Sjekk at du har hodetelefoner og mikrofon som fungerer. Du trenger gode hodetelefoner til lyttinga fordi dersom du bruker høgtalaren på PC-en, kan de andre i samtalen oppleve ekko når de snakkar. Vi anbefaler også at du bruker hodetelefoner med mikrofon. Lyd via innbygde mikrofonar i kamera eller PC kan gi svak lydkvalitet. Før undervisninga startar bør du ha teste lyden i hodetelefonene og mikrofonen din.  

Hvordan konfigurere og teste mikrofon i Windows

Løse lydproblemer i Windows

 

Nettforbindelse

For å få eit stabilt bilde og god lydkvalitet er det viktig at du har stabil nettforbindelse. Du bør ha minimum 5Mbps hastigheit nedlastinga, og 0,5 Mbps opplastning (Telenor Bredbånd 5 eller tilsvarande).

 

Nettleser

Du må ha siste versjon av nettlesaren installert. Vi anbefaler du bruker Google Chrome som nettlesar.

Last ned nettlesaren Chrome frå Google

 

Programvare

Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får tilgang til Microsoft Office 365, G-suite for Education og andre program som du treng i undervisninga så lenge maskina di bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem. Skulen vil gi deg informasjon om korleis du lastar ned programvara. Maskina må oppdaterast jamleg.

Brukarnamn og passord blir sendt på SMS rett før skulestart. Vi bruker mobilnummeret du registrerte då du søkte skuleplass.

Last ned Office 365 frå Microsoft

Test netthastigheiten på nettfart.no