- Opplæring i bedrift
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Tilrettelagt opplæring
- Vaksenopplæring

Kva er nettskulen?
Nettskulen i Vestland har som mål å tilby god nettbasert vidaregåande opplæring for alle elevgrupper i fylkeskommunen vår. Manglar skulen i nærområde ditt akkurat den utdanninga eller det faget som du ønskjer? Nettskulen tilbyr utdanning og opplæring på ein litt annan måte, på tvers av skular. Ein skule med fleksible fagtilbod for både unge og vaksne. Velkommen til Nettskulen Vestland!Korleis søkje?
Det er ulike måtar du må søke på, avhengig av om du er elev eller vaksen. Du kan lese meir på sida vår om innsøkning.
Å vere elev i nettskulen
På sida «elev i nettskulen» finn du meir informasjon om korleis kvardagen til elevar er og korleis undervisninga til nettskulen blir gjennomført.Aktuelle saker
12.09.2025
Oppdag noko nytt – lær Japansk!
Har du lyst til å opna døra til ei heilt ny verd? Å læra japansk er meir enn berre eit språkval – det er eit eventyr som gir deg innsikt, kultur, teknologi og moglegheiter knytte til eitt av dei mest spennande landa i verda.
